Raulandshyggje

Den som føretrekk teksten nedanfor på bokmål, kan klikke her.

Frå 60-årsdagsfeiring i Raulandstoga (fødselsdagsbarnet til venstre). Av omsyn til personvernet er delar av biletet fjerna.

Sist laurdag var bloggaren sjølvoppnemnd formann i festkomiteen for feiring i Rauland av ein sekstiårsdag. Jubilanten har brukt mykje tid på å klargjere fødselsdagsfeiringar for andre, og desse ga no melding om at denne gongen laut ho la seg bli varta opp med god mat (som ho elles sjølv er ein mester til å lage). Ho bur nær Rauland, og valde Raulandstoga, ein framifrå stad, viste det seg. Maten var god, og det ein hyggjeleg og serviceinnstilt stad å ha med å gjere.

Raulandstoga ligg midtveges mellom Bergen og Oslo. Klikk for kart som kan skalerast.

Raulandstoga ligg høveleg til for «halvvegspause», omtrent like langt frå Oslo og Bergen når ein tek turen mellom byane med bil. Den kortaste og mest interessante vegen går rett forbi Raulandstoga (sjå kartet ved sida av), mens dei som vel å køyre den meir keisame E-134, må ta ein avstikkar (20 minutt frå Åmot). Spisestader med to stjerner i Michelin-guiden får der nemninga «verdt en omvei», og Raulandstoga høyrer etter bloggarens røynsle heime i den gruppa (men staden har ikkje nokre stjerner – førebels).

Raulandstoga ligg midt i «Rauland sentrum», der det eigentleg heiter Krossen.

Raulandstoga held ope onsdag-sundag frå kl. 12. Elles verkar det som opningstidene er fleksible, for 60-årsfeiringa bloggaren var med på, tok til ein halv time etter at kjøkkenet eigentleg stengjer… Det er kanskje lurt å ringje på førehand dersom ein planlegg ein tur innom, så reisa ikkje vert til fånyttes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *