Nyårsmusikk

I mange år har vi vore den same gjengen som har feira nyåret saman. I år vart feiringa meir musikalsk enn vanleg, og når det heile gjekk føre seg i Vest-Telemark, var det naturleg nok folkemusikk av ymse slag.

Husfrua har visst hatt Sondre Bratland som musikklærar på skulen, og kjenner godt songen Eg var liten (her med Aslak Brekke):

Husverten er ein kløppar på munnharpe. Det er eit vanskeleg instrument, både å spele og å lytte til (tonen har lett for å forsvinne bak vibrasjonen frå harperamma), men høver godt i ei lita stove. Bjørgulv Straume er frå Setesdal, ikkje så langt frå Vest-Telemark, og hans tolking av Skjoldmøyslaget er ikkje ulik noko av det vi fekk høyre:

Det var òg husverten som ville høyre Duelin’ banjo. Denne låten frå filmen Picnic med døden har fått ein eigen vri med gruppa Southern Raised, som gjer visittar til klassisk musikk (Til Elise – Beethoven) og moderne gitar-riff (Smoke on the Water – Deep Purple):

Folkemusikk av «ymse slag» omfattar òg Country & Western. Ein verdig representant for genren er Waylon Jennings:


Til innholdsliste for denne utgaven

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *