Fosse

Sundag mottek Jon Fosse nobelprisen i litteratur. Det blir eit arrangement med mykje seremoniell, og eg er ikkje heilt viss på om Fosse trivest med det.

Jon Fosse vaks opp like ved Strandebarm kyrkje og endå nærmare Fosse bedehus, men han er no katolikk. Det fekk vi vite i TV-programmet Hans Olav Brenner hadde om og med forfatteren i NRK for ei vekes tid sidan. Der var det òg eit innslag frå Fosse bedehus der Dagfinn Kløve i Fosse Indremisjon var omvisar. Bedehuset er kjøpt av Fosse-stiftinga og får namnet Fosse-huset.

I høve litteraturprisen som Fosse får, kjem her ei opplysing eg ikkje har funne noka anna kjelde til enn det eg sjøl hugsar: Fosse bedehus var tidlegare Oma skule; huset vart flytt frå Oma til Fosse ein gong på 1950-tallet. Eg har saumfart grunnboka for eigedomen og har lett i alle tilgjengelege aviser på nettet, men finn ikkje noko om flyttinga. Men ein eller annan i slekta har fortalt meg om dette. Ei stadfesting til bloggen kan være eit bidrag til norsk litteraturhistorie…

Fosse bedehus
Mellom Fosse og Oma er det om lag åtte km.
Oma barneskule (ikkje i bruk?).

Klikk på bileta ovanfor for å sjå dei i større utgåve. Klikk på kartet for å sjå det i Google Maps.


Til innholdsliste for denne utgaven

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *