Åremålsdag for Ivar Aasen

Dersom skuleåret hadde vore i gang, ville Bærumselevane neppe kravt flagging i dag, 209 år etter at Ivar Aasen vart født. Han var sjølvlært språkforskar, og har fått tilnamnet «nynorskens far«. Det er med erfaring som norsklærer i bærumsskulen gjennom åtte år at eg tvilar på om elevane der ville jubla i høve dagen.

Ivar Aasen var òg diktar, og har skrive teksten til den kanskje mest brukte norske allsongen, Millom bakkar og berg utmed havet. Songen står i Aasen-diktsamlinga Symra, og handlar om – fekk eg høyre – nordmannen Fengje («Millom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fengje sin heim»). På YouTube fann eg ein modernisert versjon av songen.

Det Norske Kammerkor syng på nynorsk, m.a. På dialekt (Java Jive arrangert av Per Oddvar Hildre og med tekst av Geirr Lystrup). Men først ei påminning om norsklæraren (ikkje eg) som stolt kunne fortelje at ho hadde gjennomført ein heil time om norsk språkhistorie utan at elevane oppdaga at ho sa «Ivar Awesome» i staden for «Ivar Aasen».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *