Det er olsok i dag, og bakgrunnen for at dagen vert markert, skildra islendingen Snorre Sturlason på 1220-talet, berre eit par hundre år etter at hendinga (slaget på Stiklestad) fann stad.
Olsok er flaggdag her på bruket, både av di datoen (29. juli) står på lista over dei offisielle flaggdagane og av di ein av ungdomane her (alle som er meir enn 20 år yngre enn bloggaren, er ungdomar) har fødselsdag.