Kvar dag som renn

Livet er som ei reise gjennom eit ukjent land.
Du veit ikkje kva du møter og kva som hende deg kan.
Du ser ikkje dagen i morgo like bak neste sving,
Og alt som kan skje før kvelden, om det veit du ingenting.

Det hender nok at du ønskjer du kunne i framtida sett.
Då ville alt vore enkelt då skulle du gjere så rett.
Om framtida låg i ljoset då kunne du allting sjå.
Då ville livet bli enkelt. Det er du sikker på.

Men tenkjer du berre etter, så ville du også visst,
du såg ikke berre ljosa, men også alt tungt og trist.
Og om det i framtida hender deg noko så vondt og leit,
så slepp du sorga på forskot så lenge du ingenting veit.

Lat framtida vere ein løyndom bakom det tette slør.
Kvar morgon du skal få vakne og åpne på ei ny dør.
Rom etter rom går du inn i og kikkar i kvar ein krok
og lever deg gjennom ditt eige liv, som las du ei spennande bok.

Ja, er det ‘kje best å få vite det heile så smått om senn,
og late vonene vakne på nytt kvar dag som renn.
For det at du ingenting visste og ingenting kunne sjå,
det gjer at voner du støtt kan eige og uventa gleder få.

(Notert etter diktat fra en som hadde lært diktet utenat fra en avis, men som ikke husket forfatterens navn)