Halldis Moren Vesaas: Ferdaminne frå sommaren 1985

Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?

Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen,
opp og ned.

Innestengde i den vesle boksen
blir vi med eitt så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set i gang.

Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg boblar kvar gong
ei lita spenning:
Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar
og vi må ut?

Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.

Vi tar alltid heisen.

(frå diktsamlinga Livshus, 1995)